Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lita endring i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,1 prosent frå august til september 2012. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene auka med 2,3 prosent.
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 2,2 prosent den siste månaden. Frå september 2011 til september 2012 gjekk kapitalindeksen ned med 0,9 prosent.
Høgare ferje- og bomkostnader
Ferje- og bomkostnadene gjekk opp 2,3 prosent frå august til september 2012. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige med 2,9 prosent.
Auka dieselprisar
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen auka med 1,6 prosent frå august til september i år. Drivstoffindeksen har stige med 3 prosent dei siste tolv månadene.
Høgare reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,5 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har delindeksen auka med 4,1 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar som kvar månad blir henta frå forhandlarar over heile landet. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. Om kapitalkostnadsindeksenDenne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83