Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Inga endring i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå juni til juli 2012. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene auka med 1,2 prosent.
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned med 0,9 prosent frå juni til juli. Drivstoffindeksen gjekk ned 3,5 prosent dei siste tolv månadene.
Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen auka med 0,8 prosent den siste månaden. Kapitalindeksen auka med 0,4 prosent frå juli 2011 til juli 2012.
Auka reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk opp 0,4 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har delindeksen auka med 3,9 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. Om kapitalkostnadsindeksenDenne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83