Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Inga endring i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå mars til april 2012. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene auka med 2,4 prosent.
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned med 0,8 prosent frå mars til april. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 1,4 prosent.
Høgare dieselprisar
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen auka med 0,7 prosent frå mars til april 2012. Dei siste tolv månadene har drivstoffindeksen stige med 1,4 prosent.
Nedgang i dekkostnadene
Dekkindeksen gjekk ned med 0,5 prosent den siste månaden. Indeksen auka med 4,7 prosent frå april 2011 til april 2012.
Høgare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene har stige med 0,2 prosent frå mars til april 2012. Dei siste tolv månadene har administrasjonskostnadene stige med 2,6 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. Om kapitalkostnadsindeksenDenne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83