Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Inga endring i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå februar til mars 2012. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene auka med 2,4 prosent.
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader har stige med 0,3 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 3,7 prosent.
Svak nedgang i dieselprisen
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 0,1 prosent frå februar til mars 2012. Dei siste tolv månadene har drivstoffindeksen stige med 1,2 prosent.
Nedgang i kapitalkostnadene
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned med 0,1 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 0,8 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. Om kapitalkostnadsindeksenDenne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83