53712_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
53712
Kostnadsauke for lastebiltransport
statistikk
2011-11-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport3.333333333333333333. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kostnadsauke for lastebiltransport

Kostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,2 prosent frå september til oktober 2011. Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene opp 5,4 prosent.

Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvis endring fra same månad året før

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 0,5 prosent frå september til oktober. Drivstoffindeksen har stige med 9,9 prosent det siste året.

Høgare prisar på dekk

Dekkindeksen har stige med 0,5 prosent frå september til oktober etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå oktober 2010 til oktober 2011 har dekkindeksen stige med 10,3 prosent.

Auka reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,4 prosent frå september til oktober. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene auka med 4 prosent.

Liten nedgang i ferje- og bomkostnadene

Delindeksen for ferje- og bomkostnader gjekk ned 0,2 prosent frå september til oktober. Frå oktober 2010 til oktober 2011 steig delindeksen med 4,3 prosent.

Svak auke i kapitalkostnadene

Kapitalkostnadsindeksen auka 0,1 prosent den siste månaden. Det siste året har dei totale kostnadene auka med 2,8 prosent.

Om drivstoffindeksen

Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.

Om kapitalkostnadsindeksen

Denne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift.

Tabeller: