Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis kostnadsauke
Kostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,3 prosent frå mai til juni 2011. Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene opp 5,5 prosent.
Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp 1,2 prosent den siste månaden. Det siste året har indeksen auka med 1,3 prosent.
Høgare reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader har stige med 0,5 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har delindeksen auka med 3,1 prosent.
Auka dieselprisar
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen auka med 0,4 prosent frå mai til juni 2011. Drivstoffindeksen har stige med 11,7 prosent det siste året.
Svak auke i administrasjonskostnadene
Administrasjonskostnadene gjekk opp med 0,1 prosent den siste månaden. Frå juni 2010 til juni 2011 har delindeksen auka med 3,6 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. Om kapitalkostnadsindeksenDenne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83