Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Inga endring i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå mars til april 2011. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 6,0 prosent.
Dekkindeksen har stige med 1,5 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå april 2010 til april 2011 har dekkindeksen stige 8,2 prosent.
Nedgang i kapitalkostnadene
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 1,3 prosent frå mars til april. Det siste året har denne delindeksen auka med 3,3 prosent.
Auka dieselprisar
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 0,6 prosent frå mars til april. Drivstoffindeksen har stige med 13,9 prosent frå april 2010 til april 2011.
Høgare reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader har stige med 0,3 prosent frå mars til april. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige 3,7 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. Om kapitalkostnadsindeksenDenne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83