Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis kostnadsauke
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,9 prosent frå februar til mars 2011. Dei siste tolv månadene gjekk totalkostnadene opp 6,4 prosent.
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 2,9 prosent frå februar til mars. Drivstoffindeksen har stige med 15,4 prosent frå mars 2010 til mars 2011.
Høgare prisar på dekk
Dekkindeksen har stige med 1,3 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå mars 2010 til mars 2011 har dekkindeksen stige 6,8 prosent.
Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp med 1,3 prosent frå februar til mars. Det siste året har delindeksen auka med 4,8 prosent.
Høgare reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader har stige med 0,2 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har delindeksen stige 4,2 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. Om kapitalkostnadsindeksenDenne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83