15318_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15318
Auka dieselpris gjev dyrare vegtransport
statistikk
2011-01-14T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport4. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka dieselpris gjev dyrare vegtransport

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,7 prosent frå november til desember 2010. Dette kjem hovudsakleg av prisauke på diesel. Dei siste tolv månadene gjekk totalkostnadene opp 5,2 prosent.

Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvis endring frå same månad året før

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 3,6 prosent den siste månaden. I 2010 har drivstoffindeksen stige med 14,9 prosent, mot 2,9 prosent i 2009.

Lågare kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen fall med 0,7 prosent den siste månaden. Denne delindeksen har auka med 0,5 prosent fra desember 2009 til desember 2010.

Svak auke i administrasjonskostnadene

Administrasjonskostnadene gjekk opp 0,1 prosent frå november til desember 2010. Denne delindeksen har auka med 2,6 prosent det siste året.

Om drivstoffindeksen

Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.

Om kapitalkostnadsindeksen

Denne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift.

Tabeller: