15044_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15044
Inga endring i lastebilkostnadene
statistikk
2010-10-15T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport3. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Inga endring i lastebilkostnadene

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå august til september 2010. Dette trass i ein nedgang i kapitalkostnadene. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 2,6 prosent.

Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned med 1,0 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen gått ned 0,8 prosent.

Kostnadsindeks for lastebiltransport. September 2009-september 2010

Høgare prisar på dekk

Dekkindeksen har stige med 0,7 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå september 2009 til september 2010 har dekkindeksen stige 2,8 prosent.

Auka dieselprisar

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen auka med 0,5 prosent frå august til september. Det siste året har denne delindeksen auka 6,8 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk opp 0,3 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige 2,7 prosent.

Om drivstoffindeksen

Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.

Om kapitalkostnadsindeksen

Denne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift.

Tabeller: