Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka reparasjons- og servicekostnader
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp med 0,7 prosent frå februar til mars 2010. Dei viktigaste årsakene er høgare dieselprisar og auka reparasjons- og servicekostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 3,7 prosent.
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 3,2 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 15,9 prosent.
Auka reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,7 prosent frå februar til mars. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige med 6,0 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall med 0,3 prosent den siste månaden. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået. Det siste året har kapitalkostnadsindeksen gått ned 4,7 prosent.
Auka administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene auka med 0,1 prosent frå februar til mars. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 1,6 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. Om kapitalkostnadsindeksenDenne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83