15058_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15058
Fall i dieselprisen
statistikk
2010-03-23T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport0.666666666666666667. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fall i dieselprisen

Lastebilkostnadene gjekk i snitt ned 0,2 prosent frå januar til februar 2010. Dei viktigaste årsakene er nedgang i prisen på diesel og lågare kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 1,8 prosent.

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 1,8 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 7,3 prosent.

Kostnadsindeks for lastebiltransport. Februar 2009-februar 2010

Lågare kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen fall med 1,5 prosent den siste månaden. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået. Det siste året har kapitalkostnadsindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 6,0 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader

Lønsindeksen har stige med 0,8 prosent frå januar til februar. Det siste året har lønsveksten for ansatte innanfor lastebiltransport vore på 1,3 prosent.

Høgare administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene gjekk opp med 0,6 prosent frå januar til februar. Det siste året har denne delindeksen auka med 1,7 prosent.

Auka reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,5 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige med 5,3 prosent.

Om drivstoffindeksen

Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.

Tabeller: