15062_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15062
Fall i dieselprisen
statistikk
2010-01-15T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport4. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fall i dieselprisen

Lastebilkostnadene gjekk i snitt ned 0,5 prosent frå november til desember 2009. Dei viktigaste årsakene er nedgang i prisen på diesel og lågare kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 1,3 prosent.

Kostnadsindeks for lastebiltransport. Desember 2008-desember 2009

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned med nesten 1,0 prosent siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med nesten 3,0 prosent.

Lågare kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen fall med 2,0 prosent frå november til desember 2009. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har kapitalkostnadsindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned med over 9 prosent.

Svak auke i administrasjonskostnadene

Administrasjonskostnadene auka med 0,1 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen gått opp 3,5 prosent.

Om drivstoffindeksen

Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.

Tabeller: