Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka dieselpris gjev dyrare vegtransport
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp med 0,6 prosent frå oktober til november 2009. Dei viktigaste grunnane er prisauke på diesel og høgare forsikringspremiar. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 1,4 prosent.
Prisutviklinga på diesel førde til at drivstoffindeksen gjekk opp med 4,3 prosent frå oktober til november. Det siste året har likevel denne delindeksen falle med nesten 4 prosent.
Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen gjekk opp med 2,5 prosent den siste månaden. Frå november 2008 til november 2009 har forsikringspremiane auka med over 10 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall med 0,9 prosent den siste månaden. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har kapitalkostnadsindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 7,1 prosent.
Nedgang i løn og sosiale kostnader
Lønsindeksen gjekk ned med 0,5 prosent frå oktober til november. Det siste året har denne delindeksen auka med 3,8 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83