Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Kostnadsauke for lastebiltransport
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport steig med 0,3 prosent frå juni til juli 2009. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene derimot gått ned 1,8 prosent.
Kapitalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 2,2 prosent frå juni til juli etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, inflasjonsjusterte rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 6,7 prosent.
Billegare diesel
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 0,1 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen falle 21,4 prosent.
Svak auke i administrasjonskostnadene
Administrasjonskostnadene auka med 0,1 prosent frå juni til juli. Det siste året har denne delindeksen gått opp 2,8 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83