Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Kostnadsauke for lastebiltransport
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp med 0,4 prosent frå april til mai 2009. Dei viktigaste grunnane er auka reparasjons- og servicekostnader og høgare dieselprisar. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene gått ned 0,1 prosent.
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 1,8 prosent frå april til mai. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige 9,7 prosent.
Dyrare diesel
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 1,4 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen falle 17,7 prosent.
Auka ferje- og bomkostnader
Delindeksen for ferjekostnader og bompengar auka 0,3 prosent frå april til mai. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige 60,0 prosent, hovudsakleg på grunn av endringar i bomavgiftene i Oslo og Bærum.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall 0,2 prosent den siste månaden. Dette kjem av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 7,8 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83