15082_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15082
Nedgang i dieselprisen
statistikk
2009-03-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport0.666666666666666667. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i dieselprisen

Lastebilkostnadene gjekk i snitt ned med 0,3 prosent frå januar til februar 2009. Den viktigaste årsaka er nedgang i prisen på diesel, og lågare kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 2,8 prosent.

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 4,9 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen falle med 10,1 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Samanlikningar viser at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane, sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader.

Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvis endring frå same månaden året før

Kostnadsindeks for lastebiltransport. Februar 2008-februar 2009

Lågare kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen fall 4,1 prosent frå januar til februar i 2009. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned med 0,8 prosent.

Prisstigning på dekk

Dekkindeksen gjekk opp med 3,4 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå februar 2008 til februar 2009 har denne delindeksen auka med 10,2 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader

Lønsindeksen har i år stige med 3,2 prosent frå januar til februar. Auken kjem i hovudsak av at heile lønsveksten i 2008 nå er med i lønsstatistikken som ligg til grunn for denne indeksen. Dei siste tolv månadane har lønsveksten for tilsette innanfor lastebiltransport vore på 5,5 prosent.

Høgare administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene auka med 2,3 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen gått opp 3,5 prosent.

Auka reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,8 prosent frå januar til februar. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige 8,6 prosent.

Endringar i indeksen frå januar 2009

I samband med årsskiftet er det gjort nokre endringar med kostnadsindeksen for lastebiltransport. Blant anna er januar 2009 blitt sett til ny basismånad i indeksen, slik at januar 2009 no er lik 100. Indekstala for tidlegare månader er samstundes blitt rekna om, slik at utviklinga mellom to periodar er den same som før. Kostnadsindeksen for lastebiltransport er frå januar 2009 rekna ut med nye vekter. Desse er bygde på rekneskapstal for 2007 for eit utval av føretak i næringa godstransport på veg.

Statistisk sentralbyrå utarbeidar nå ein totalindeks for lastebiltransport. Totalindeksen er eit vekta gjennomsnitt av kostnadsindeksane for dei ti kjøretøygruppene i statistikken. På oppfordring frå bransjen blir det frå januar 2009 også utarbeidd indekstal utan ferje- og bomkostnader, fordi desse kostnadene i større grad enn andre er spesifikt knytte til det enkelte kjøreoppdraget. Meir informasjon om dei nye totalindeksane finn du i ”Om statistikken”.

I tillegg til kostnadsindeksen for lastebiltransport produserer Statistisk sentralbyrå (SSB) også ein indeks som måler utviklinga i den fakturerte prisen på transporttenester (ekskl. mva.). Meir informasjon om denne prisindeksen finn du her: Godstransport på veg: prisindeks

Tabeller: