15084_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15084
Dyrare diesel og forsikring
statistikk
2009-02-24T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport0.333333333333333333. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Dyrare diesel og forsikring

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,5 prosent frå desember 2008 til januar 2009. Dette kjem hovudsakleg av prisauke på diesel og høgare forsikringspremiar. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 4,2 prosent.

Endringar i indeksen frå januar 2009

I samband med årsskiftet er det gjort nokre endringar med kostnadsindeksen for lastebiltransport. Blant anna er januar 2009 blitt sett til ny basismånad i indeksen, slik at januar 2009 no er lik 100. Indekstala for tidlegare månader er samstundes blitt rekna om slik at utviklinga mellom to periodar er den same som før. Informasjon om desse endringane og praktiske tips finn du i faktaboksen til slutt i denne artikkelen.

Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvis endring frå same månad året før

Kostnadsindeks for lastebiltransport. Januar 2008-januar 2009

Dyrare diesel

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 3,3 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen derimot falle med 2,4 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Samanlikningar viser at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane, sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader.

Høgare forsikringspremiar

Forsikringsindeksen gjekk opp med 3,3 prosent den siste månaden. Frå januar 2008 til januar 2009 har forsikringspremiane auka med 6,1 prosent.

Auka ferje- og bomkostnader

Delindeksen for ferjekostnader og bompengar auka 0,9 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige med 59,6 prosent, hovudsakleg på grunn av endringar i bomavgiftene i Oslo og Bærum.

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport utan ferje- og bomkostnader har stige med 3,0 prosent dei siste tolv månadene. Dette er altså noko mindre enn totalkostnadene som inkluderer ferje og bom.

Lågare kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen fall 0,9 prosent frå desember 2008 til januar 2009. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 4,3 prosent.

Svak auke i administrasjonskostnadene

Administrasjonskostnadene auka med 0,4 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 1,8 prosent.

Endringar i indeksen frå januar 2009

Frå og med januar 2009 blir kostnadsindeksen for lastebiltransport rekna ut med nye vekter som er bygde på rekneskapstal for 2007 for eit utval av føretak i næringa godstransport på veg.

Slik reknar du med dei nye indekstala

For å rekne ut utviklinga i kostnadene frå ein månad før omlegginga til ein månad etter, er det nødvendig å bruke det nye indekstalet for den første månaden i perioden. Utrekninga av kostnadsendringa er den same som før, sjølv om indekstala som ligg til grunn for berekninga er nye.

Eksempel - kostnadsendringa frå januar 2008 til januar 2009:

Med ”gamle” tal: (151,1 - 145,0) / 145,0 = 0,042

Med nye tal: (100 - 95,9) / 95,9 = 0,042

Det vil seie at kostnadene auka med 4,2 prosent i denne perioden i begge utrekningane. Formelen for utrekning av kostnadsendringa er: (siste månad - første månad) / første månad. Resultatet blir multiplisert med 100 for å få endringa i prosent.

Nye totalindeksar for lastebiltransport

Frå og med januar 2009 blir det også utarbeidd ein totalindeks for lastebiltransport. Totalindeksen er eit vekta gjennomsnitt av kostnadsindeksane for de ti kjøretøygruppene i statistikken. På oppfordring frå bransjen blir det frå januar 2009 også utarbeidd indekstal utan ferje- og bomkostnader fordi desse kostnadene i større grad enn andre er spesifikt knytt til det enkelte kjøreoppdraget. Meir informasjon om dei nye totalindeksane finn du i ”Om statistikken”.

I tillegg til kostnadsindeksen for lastebiltransport produserer Statistisk sentralbyrå (SSB) også ein indeks som måler utviklinga i den fakturerte prisen på transporttenester (ekskl. mva). Meir informasjon om denne prisindeksen finn du her: Godstransport på veg, prisindeks

Tabeller: