15094_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15094
Billegare diesel - men andre kostnader opp
statistikk
2008-09-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport2.666666666666666667. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Billegare diesel - men andre kostnader opp

Lastebilkostnadene gjekk i snitt ned 0,9 prosent frå juli til august 2008. Den viktigaste årsaka er nedgang i prisen på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 9,2 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. August 2007-august 2008

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen fall med 5,7 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen likevel auka med heile 24,7 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.

Høgare kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp med 0,4 prosent frå juli til august, som følgje av ein auke i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgifter, stige med 5,1 prosent.

Prisstigning på dekk

Dekkindeksen gjekk opp med 0,4 prosent i løpet av den siste månaden etter prisjusteringar hos einskilte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen auka med 4,0 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader

Lønsindeksen steig 0,4 prosent den siste månaden. Det siste året har lønsveksten for tilsette innanfor lastebiltransport vore 4,0 prosent.

Frå og med juni 2008 følgjer delindeksen for løn og sosiale kostnader utviklinga i ein ny arbeidskraftskostnadsindeks for tilsette i føretak som driv med godstransport på veg. Meir informasjon om den nye indeksen for arbeidskraftskostnader finn du i ” Om statistikken ”.

Auka administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene auka med 0,2 prosent frå juli til august. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige med 3,1 prosent.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusive merverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks

Tabeller: