15098_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15098
Framleis prisauke på diesel
statistikk
2008-07-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport2. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis prisauke på diesel

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,7 prosent frå mai til juni 2008, hovudsakleg på grunn av kraftig prisauke på diesel og auka dekkostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 9,9 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Juni 2007-juni 2008. Basismånad januar 1998=100

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 3,4 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med heile 31,1 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.

Prisstigning på dekk

Dekkindeksen auka med 1,8 prosent den siste månaden, etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå juni 2007 til juni 2008 har denne delindeksen auka med 3,7 prosent.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 0,1 prosent frå mai til juni 2008, hovudsakleg på grunn av ein auke i det inflasjonsjusterte rentenivået. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 8,0 prosent.

Nytt berekningsgrunnlag for lønsindeksane

Frå og med juni 2008 følgjer delindeksane for løn og sosiale kostnader utviklinga i ein ny arbeidskraftskostnadsindeks for tilsette i føretak som driv med godstransport på veg. Den nye indeksen måler endringar i utbetalt avtalt løn og indirekte kostnader (sosiale kostnader, arbeidsgjevaravgift og liknande) innanfor avtalt arbeidstid for heiltids- og deltidstilsette i transportselskapa. Overtidsgodtgjersle, bonusutbetalingar og liknande er ikkje med i datagrunnlaget. Nivået på lønsindeksane i overgangsmånaden blir ikkje påverka av denne endringa i utrekningsgrunnlaget. Meir informasjon om den nye indeksen for arbeidskraftskostnader finn du i Om statistikken .

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks

Tabeller: