15100_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15100
Kraftig prisauke på diesel
statistikk
2008-06-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport1.666666666666666667. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kraftig prisauke på diesel

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 1,8 prosent frå april til mai 2008, hovudsakleg på grunn av kraftig prisauke på diesel og auka kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 9,9 prosent.

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 6,9 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 30,2 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Mai 2007-mai 2008

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 1,9 prosent frå april til mai 2008. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 9,3 prosent.

Prisstigning på dekk

Dekkindeksen auka med 0,5 prosent i løpet av den siste månaden, etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå mai 2007 til mai 2008 har denne delindeksen auka med 2,6 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader

Delindeksen for løn og sosiale kostnader gjekk opp med 0,4 prosent frå april til mai 2008. I løpet av det siste året har denne delindeksen stige med 5,7 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane har endra seg lite den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks

Tabeller: