15102_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15102
Billegare diesel - men andre kostnader opp
statistikk
2008-05-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport1.333333333333333333. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Billegare diesel - men andre kostnader opp

Dieselprisen gjekk ned med 1,4 prosent frå mars til april 2008, men samtidig gjekk kostnadene for reparasjon, dekk og kapital opp.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. April 2007-april 2008

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå mars til april 2008. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 7,7 prosent.

Billegare diesel

Drivstoffindeksen gjekk ned med 1,4 prosent den siste månaden til tross for prisutviklinga på råolje. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Det siste året har drivstoffindeksen auka med 17,7 prosent.

Auka reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,9 prosent frå mars til april, etter prisjusteringar hos einskilde leverandørar. I løpet av det siste året har denne delindeksen stige med 6,2 prosent.

Prisstigning på dekk

Dekkindeksen gjekk opp med 0,8 prosent den siste månaden. Frå april 2007 til april 2008 har denne delindeksen auka med 2,2 prosent.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 0,6 prosent frå mars til april 2008. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 8,3 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane har ikkje endra seg den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks

Tabeller: