15106_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15106
Prisauke på diesel
statistikk
2008-03-14T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport0.666666666666666667. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Prisauke på diesel

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 1,1 prosent frå januar 2008 til februar 2008, hovudsakleg på grunn av auka prisar på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 6,7 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Februar 2007-februar 2008. Basismånad januar 1998=100

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 3,2 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 16,3 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 1,3 prosent frå januar til februar. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 4,3 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader

Delindeksen for løn og sosiale kostnader auka med 1,0 prosent den siste månaden. Frå februar 2007 til februar 2008 har veksten i lønene for tilsette innafor lastebiltransport vore 5,6 prosent.

Høgare administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene gjekk opp med 0,7 prosent frå januar til februar. Det siste året har administrasjonskostnadene stige med 3,7 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane har endra seg lite den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks

Tabeller: