15108_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15108
Billegare diesel - andre kostnader opp
statistikk
2008-02-15T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport0.333333333333333333. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Billegare diesel - andre kostnader opp

Høgare forsikringspremiar, kapitalkostnader, ferjekostnader og reparasjonskostnader gjorde det dyrare å kjøre lastebil førre månad. Lågare dieselprisar dempa auken noko.

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,3 prosent frå desember 2007 til januar 2008. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 6,0 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Januar 2007-januar 2008

Billegare diesel

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk ned med 1,7 prosent den siste månaden. I løpet av det siste året har denne delindeksen auka med 16,0 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet om lag den 15. i kvar månad.

Høgare forsikringspremiar

Forsikringsindeksen gjekk opp med 2,1 prosent frå desember 2007 til januar 2008 etter prisjusteringar hos nokre forsikringsselskap. Det siste året har forsikringspremiane auka med 4,2 prosent.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 1,9 prosent den siste månaden. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivningar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 2,9 prosent.

Økning i ferje- og bomkostnader

Delindeksen for ferjekostnader og bompenger auka med 1,6 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige 1,6 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 1,2 prosent frå desember 2007 til januar 2008 etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige 6,1 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserar no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/

Tabeller: