15110_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15110
Kostnadsauke for lastebiltransport
statistikk
2008-01-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport4. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kostnadsauke for lastebiltransport

Lastebilkostnadene auka med 0,4 prosent frå november til desember, hovudsakleg på grunn av dyrare diesel og auka kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 6,0 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Desember 2006-desember 2007. Basismånad januar 1998=100

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 1,5 prosent den siste månaden. Frå desember 2006 til desember 2007 har denne delindeksen auka med 14,7 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet om lag den 15. i kvar månad.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 0,8 prosent den siste månaden. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 4,4 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,3 prosent frå november til desember etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 4,8 prosent.

Auka administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene har den siste månaden stige med 0,1 prosent og med 3,0 prosent det siste året.

Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserar no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks.

Tabeller: