15112_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15112
Kraftig prisauke på diesel
statistikk
2007-12-14T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport3.666666666666666667. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kraftig prisauke på diesel

Lastebilkostnadene steig med 2,7 prosent i snitt frå oktober til november, hovudsakleg på grunn av ein kraftig auke i prisen på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 6,1 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. November 2006-november 2007

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 10,2 prosent den siste månaden. Frå november 2006 til november 2007 har drivstoffindeksen auka med 13,1 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 3,8 prosent frå oktober til november, etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 4,6 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader

Delindeksen for løn og sosiale kostnader har stige med 2,1 prosent i løpet av den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 4,7 prosent.

Høgare administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene auka med 1,0 prosent frå oktober til november. Det siste året har administrasjonskostnadene stige med 3,0 prosent.

Auka forsikringspremiar

Forsikringsindeksen gjekk opp med 0,6 prosent frå oktober til november etter prisjusteringar hos enkelte forsikringsselskap. Dei siste tolv månadene har forsikringspremiane auka 1,2 prosent.

Nedgang i kapitalkostnadene

Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 1,8 prosent den siste månaden. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 7,2 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserar no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/

Tabeller: