15114_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15114
Billegare diesel - men andre kostnader opp
statistikk
2007-11-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport3.333333333333333333. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Billegare diesel - men andre kostnader opp

Lastebilkostnadene gjekk ned med 0,3 prosent i snitt frå september til oktober, hovudsakleg på grunn av nedgang i prisen på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 4,5 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Oktober 2006-oktober 2007. Basismånad januar 1998=100

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen fall med 1,7 prosent den siste månaden. Frå oktober 2006 til oktober 2007 har denne delindeksen auka med 1,7 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad.

Høgare forsikringspremiar

Forsikringsindeksen auka med 1,0 prosent frå september til oktober etter prisjusteringar hos nokre forsikringsselskap. Dei siste tolv månadene har forsikringspremiane auka med 0,6 prosent.

Prisstigning på dekk

Dekkindeksen gjekk opp med 0,5 prosent i løpet av den siste månaden. Frå oktober 2006 til oktober 2007 har denne delindeksen stige med 3,9 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserar no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/ .

Tabeller: