15116_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15116
Små endringar i lastebilkostnadene
statistikk
2007-10-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport3. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i lastebilkostnadene

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå august 2007 til september 2007. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 4,0 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. September 2006-september 2007. Basismånad januar 1998=10

Kostnadsindeksen er sett saman av åtte delindeksar som kan vektast saman til ein totalindeks. Denne månaden er det inga endring i totalindeksen i forhold til førre månad, sjølv om nokre delindeksar gjekk opp. Denne auken vert utjamna av ein nedgang for nokre av dei andre delindeksane.

Dyrare diesel

Drivstoffindeksen for diesel, basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad, gjekk opp med 0,5 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen fall med 0,8 prosent.

Høgare forsikringspremiar

Forsikringsindeksen auka med 0,4 prosent frå august til september etter prisjusteringar hos enkelte forsikringsselskap. Dei siste tolv månadene har forsikringspremiane gått ned med 0,4 prosent.

Nedgang i kapitalkostnadene

Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,4 prosent den siste månaden. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, auka 9,7 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserar no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/

Tabeller: