15118_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15118
Framleis dyrare lastebiltransport
statistikk
2007-09-14T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport2.666666666666666667. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis dyrare lastebiltransport

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 1,2 prosent frå juli 2007 til august 2007. Gjennom eit år gjekk totalkostnadene opp med 3,8 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. August 2006-august 2007. Basismånad januar 1998=100

Auke i løn og sosiale kostnader

Løn og sosiale kostnader auka med 2,1 prosent den siste månaden. Det siste året har veksten i lønene for tilsette innanfor lastebiltransport vore 5,2 prosent.

Høgare administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene gjekk opp 1,2 prosent frå juli til august. Dei siste tolv månadene auka administrasjonskostnadene 3,5 prosent.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnader gjekk opp 1,1 prosent den siste månaden. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, auka 8,0 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Dyrare drivstoff

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar, innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad. Den siste månaden gjekk denne opp med 0,6 prosent. Det siste året har denne delindeksen gått ned med 0,4 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserar no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/

Tabeller: