15120_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15120
Framleis kostnadsvekst for lastebiltransport
statistikk
2007-08-17T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport2.333333333333333333. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis kostnadsvekst for lastebiltransport

Lastebilkostnadene auka med 0,4 prosent frå juni til juli, hovudsakleg på grunn av dyrare diesel og auka kapitalkostnader. Det siste året har dei samla lastebilkostnadene auka med 3,0 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Juli 2006-juli 2007

Drivstoffindeksen, basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad, gjekk opp med 1,5 prosent frå juni til juli. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen gått ned 2,5 prosent.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 1,2 prosent frå juni til juli. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 7,2 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserar no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/

Tabeller: