15122_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15122
Framleis kostnadsvekst for lastebiltransport
statistikk
2007-07-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport2. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis kostnadsvekst for lastebiltransport

Lastebilkostnadene auka med 0,7 prosent frå mai til juni, hovudsakleg på grunn av dyrare diesel og auka kapitalkostnader. Dei samla lastebilkostnadene har stige med 3,5 prosent det siste året.

Drivstoffindeksen, basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad, gjekk opp med 2,7 prosent frå mai til juni. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen gått ned 1,4 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Juni 2006-juni 2007. Basismånad januar 1998=100

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 1,3 prosent frå mai til juni. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 8,2 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Prisauke på dekk

Dekkindeksen gjekk opp med 0,8 prosent frå mai til juni etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 5,8 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/

Tabeller: