15124_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15124
Billegare diesel - men andre kostnader opp
statistikk
2007-06-15T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport1.666666666666666667. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Billegare diesel - men andre kostnader opp

Lastebilkostnadene gjekk ned med 0,2 prosent i snitt frå april til mai, hovudsakeleg på grunn av nedgang i prisen på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 3,0 prosent.

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen fall med 3,4 prosent den siste månaden. Frå mai 2006 til mai 2007 har denne delindeksen gått ned 4,4 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Mai 2006-mai 2007

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen auka med 1,0 prosent frå april til mai. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 7,9 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Auke i løn og sosiale kostnader

Delindeksen for løn og sosiale kostnader har stige med 0,3 prosent den siste månaden. I løpet av det siste året har veksten i lønene for tilsette innanfor lastebiltransport vore 4,1 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserar no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/

Tabeller: