15158_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15158
Kostnadsauke for lastebiltransport
statistikk
2006-01-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport4. kvartal 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kostnadsauke for lastebiltransport

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,6 prosent den siste månaden, hovudsakleg på grunn av auka kapitalkostnader, dyrare diesel og høgare forsikringspremiar. I det siste året har dei samla lastebilkostnadene auka med 4,4 prosent.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp 2,3 prosent frå november til desember. Frå desember 2004 til desember 2005 har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift stige 1,9 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Kostnadsindekser for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Desember 2004-desember 2005

Dyrare diesel

Drivstoffindeksen gjekk opp med 1,3 prosent den siste månaden. I dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 13,9 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.

Høgare forsikringspremiar

Forsikringsindeksen auka med 0,8 prosent frå november til desember etter prisjusteringar hos enkelte forsikringsselskap. Det siste året har forsikringspremiane stige med 1,9 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.