Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i dieselprisane
Delkostnadsindeksen for drivstoff gjekk ned med 4,0 prosent den siste månaden. Frå november 2004 til november 2005 har drivstoffindeksen auka med 9,0 prosent.
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned med 0,2 prosent frå oktober 2005 til november 2005. I løpet av dei siste tolv månadene har totalkostnadsindeksen stige med 3,4 prosent.
Auke i lønn og sosiale kostnader
Lønnsindeksen auka med 1,3 prosent i løpet av den siste månaden. Dei siste tolv månadene har lønnsveksten for ansatte innenfor lastebiltransport stige med 3,3 prosent.
Høgare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadsindeksen gjekk opp 0,8 prosent i løpet av den siste månaden. Frå november 2004 til november 2005 har denne indeksen stige 2,3 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,7 prosent fra oktober til november. Dei siste tolv månadene har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift stige 0,9 prosent.
Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.
Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83