15168_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15168
Kostnadsauke for lastebiltransport
statistikk
2005-08-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport2.333333333333333333. kvartal 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kostnadsauke for lastebiltransport

Lastebilkostnadene auka med 0,9 prosent i snitt frå juni til juli, hovudsakleg på grunn av dyrare diesel, høgare kapitalkostnader og auke i prisane på reparasjons- og servicekostnader. I løpet av det siste året har dei samla lastebilkostnadene auka med 5 prosent.

Drivstoffindeksen auka med 2,7 prosent den siste månaden. Frå juli 2004 til juli 2005 har denne delindeksen auka med 17,1 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe.                                                                   Juli 2004-juli 2005. Januar 1998=100

Høgare pris på reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 1,5 prosent frå juni til juli etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. I løpet av dei siste tolv månadene har denne delindeksen gått opp 1,8 prosent.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp 1,5 prosent i løpet av den siste månaden på grunn av auke i det inflasjonsjusterte rentenivået. Dei siste tolv månadene har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 1,8 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Tabeller: