15172_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15172
Svak nedgang i lastebilkostnadene
statistikk
2005-06-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport1.666666666666666667. kvartal 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i lastebilkostnadene

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned 0,1 prosent frå april til mai. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 4,3 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Mai 2004-mai 2005. Januar 1998=100

Billigare diesel

Delkostnadsindeksen for drivstoff gjekk ned med 1,2 prosent den siste månaden. Frå mai 2004 til mai 2005 har drivstoffindeksen auka med 13,8 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.

Prisstigning på dekk

Dekkindeksen gjekk opp med 2,7 prosent frå april til mai etter prisendringar hos enkelte leverandørar. I løpet av det siste året har denne delindeksen stige 1,2 prosent.

Auke i ferge- og bomkostnadene

Delindeksen for fergekostnader og bompengar auka med 0,4 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos fergeselskapa. I løpet av det siste året har denne indeksen auka med 5,4 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Tabeller: