Nye tal frå overnattingsstatistikken, syner at det var 1,9 millionar overnattingar ved norske hotell i oktober i år. Det var nesten 1,6 millionar norske hotellovernattingar, ein nedgang på 2,6 prosent i forhold til oktober i fjor. Samstundes auka dei utanlandske hotellovernattingane med over 24 prosent. 

– Auken i utanlandske hotellovernattingar kan ha samanheng med ei rekordlåg krone, som gjer Noreg til eit meir attraktivt land å besøke for utanlandske turistar, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB.

Figur 1. Hotellovernattingar etter norske og utanlandske overnattingar. Oktober 2016- 2023

Når ein legg til overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, var det nesten 2,4 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim – ein auke på 0,4 prosent samanlikna med oktober i fjor. Av desse, utgjorde norske overnattingar nesten 1,9 millionar, og dei utanlandske 502 000.

Det var ein nedgang i hotellovernattingar med formål kurs og konferanse, på 4,3 prosent samanlikna med oktober 2022. Størst nedgang i talet på overnattingar med formål kurs og konferanse var det i Oslo, med ein nedgang på over 14 prosent samanlikna med oktober i fjor.

Regionale skilnader for hotella

Samanlikna med oktober 2022, er den prosentvise auken for utanlandske  hotellovernattingar størst i Innlandet, kor auken var på 95 prosent. Likevel auka talet på utanlandske hotellovernattingar mest i Oslo, med 24 000 fleire overnattingar. Etterfølgt av Vestlandet og Viken med høvesvis 18 800 og 11 400 fleire utanlandske overnattingar.

For fylka Vestfold og Telemark, Troms og Finnmark, Agder, Møre og Romsdal, samt Svalbard blei det registrert ein nedgang i samla hotellovernattingar. Den største nedgangen vart registrert i Vestfold og Telemark, kor nedgangen var på 6,2 prosent.

Ein ser markante forskjellar mellom norske og utanlandske overnattingar. For utanlandske overnattingar, går tala opp i alle fylka bortsett frå Vestfold og Telemark, mens norske overnattingar går ned i alle fylka bortsett frå Nordland og Trøndelag.

Figur 2. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke. Oktober 2022–2023
Kjelde: Overnattingar, Statistisk sentralbyrå og Kartverket.

Fleire overnattingar frå Asia samanlikna med i oktober fjor

Sidan pandemien, har ein hatt ein periode med svært få hotellovernattingar frå Asia, men i dei siste månadene er det klart at desse turistane er på veg tilbake. Spesielt overnattingar frå Kina har ein stor oppgang etter nokre år med låge tal, men ein finn også stor auke frå både Japan og Sør-Korea.

 

Nedgang i campingovernattingar

  • 197 000 overnattingar på campingplassar i oktober 2023
  • 11 prosent nedgang mot oktober 2022
  • Norske campingovernattingar gjekk ned 15 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 15 prosent

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar

  • 215 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk ned 8,7 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned opp 20 prosent

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av oktober, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 1 600 og 1 600 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i oktober månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.