I mai vart det registrert om lag 768 000 utanlandske overnattingar ved dei norske overnattingsverksemdene. Det er 105 000 fleire enn på same tid i fjor, syner nye tal frå overnattingsstatistikken.

 –  I mai i fjor så vi at talet på utanlandske gjester nærma seg nivået vi hadde før pandemien, og i mai i år var utlendingane tilbake i Noreg for fullt. Den svake norske krona kan vere ein viktig årsak til at fleire utanlandske turistar enn før legg turen til Noreg, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB.

Det var 2,9 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim i mai i år, om lag det same som i mai sist år. Bak dette talet skjuler det seg derimot forskjellar; det var 112 000 færre norske overnattingar, medan det var 105 000 fleire utanlandske overnattingar.

Figur 1. Utanlandske overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder. Mai 2014-2023.

Ein av fem utanlandske overnattingar var tyske

Noreg har lenge vært eit ynda turistmål for tyskarar. I mai i år stod tyskarane for 22 prosent av dei utanlandske overnattingane. På dei neste plassane følger USA, Sverige og Nederland. Til samen stod desse for 31 prosent av dei utanlandske overnattingane.

– Det samla nivået for utanlandske overnattingar er tilbake der vi var før pandemien, men er det framleis færre overnattingar frå Asia, seier Boyd Oyier.

I mai år var det 14 800 overnattingar frå Kina, Sør-Korea og Japan, dette var 12 000 meir enn på same tid sist år, men heile 54 100 færre enn det var i mai 2019.

Fleire utlendingar budde ved hotella

Det var 2 millionar overnattingar ved hotella i mai og utlendingane stod for en fjerdedel av desse. Det var 30 prosent fleire utanlandske overnattingar ved hotella i mai i år samanlikna med same månad sist år.

Flest utanlandske hotellovernattingar hadde Oslo med 168 000 overnattingar, følgt av Vestland med om lag 114 000 overnattingar.

Figur 2. Utanlandske hotellovernattingar etter fylke mai måned. 2022 og 2023

– Sjølv om langt fleire utlendingar budde på hotell i mai i år i forhold til mai sist år, er det liten endring for campingplassane. Det var om lag like mange utlendingar på campingplassane i mai år som i fjor, seier Boyd Oyier.

Færre campingovernattingar

  • 668 000 overnattingar på campingplassar i mai 2023
  • 3,6 prosent nedgang mot mai 2022
  • Norske overnattingar gjekk ned 4,9 prosent
  • Utanlandske overnattingar hadde ein liten auke på 1,2 prosent

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar

  • 281 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk opp med 6,3 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 7,2 prosent

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av mai, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 1000 og 3000 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i mai månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.