Det var 1,7 millionar norske hotellovernattingar i september i år, ein nedgang på 0,4 prosent frå september 2022. Utanlandske hotellovernattingar auka derimot med heile 21 prosent, til 552 000, syner nye tal frå overnattingsstatistikken.

– Aldri før har SSB registrert så mange hotellovernattingar i løpet av september månad, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB.

– I september, ein månad kor det tradisjonelt er mykje kurs og konferanse var det ein nedgang i talet på hotellovernattingar med kurs og konferanse som formål samanlikna med september i fjor, men det var fleire slike overnattingar enn i åra før pandemien, legg Oyier til.

Legg vi til overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, var det 3,1 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i september. Sidan februar i år har det vore færre overnattingar på campingplassar enn tilsvarande månad i 2022. For hyttegrendene var september fyrste månad sidan februar, kor talet på overnattingar samanlikna med same månad i fjor auka.

Korrigert for Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månadauka det totale talet på overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i september med 1,9 prosent frå førre månad. Både dei sesongjusterte norske og dei sesongjusterte utanlandske overnattingane auka og er på same nivå som før pandemien.

Du kan lese meir om sesongjusteringar her.

Figur 1. Hotellovernattingar etter norske og utanlandske overnattingar. September 2019- 2023

God månad for hotellnæringa

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldetved norske hotell var nesten 2,2 milliardar kroner i september i år. Samanlikna med september 2022 har losjiomsetninga auka med 8,3 prosent, medan talet på hotellovernattingar har auka med 4,0 prosent.

– Fleire hotell har oppgitt at prisane har auka på grunn av ein generell auke i kostnadane og auka etterspurnad. Fleire fortel også at betalingsviljen har auka, seier Boyd Oyier.

Gjennomsnittsprisen på hotellrom var 1 321 kroner, ein auke på 6,9 prosent frå september i fjor. Samanlikna med september i fjor har prisen per rom auka mest i Rogaland og Møre og Romsdal.

I Oslo, Vestland og Nordland var det størst auke i talet på hotellovernattingar samanlikna med september 2022. I Troms og Finnmark var nedgangen størst, medan det i dei andre fylka var mindre endringar. For Svalbard var det òg ein nedgang i denne perioden.

I alle fylka auka utanlandske hotellovernattingar, samtidig gjekk dei norske ned i dei fleste fylka. Auken i talet på utanlandske hotellovernattingar var størst i Vestland og Oslo. Norske hotellovernattingar auka i Oslo, Nordland og Trøndelag.

Figur 2. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke. September 2022–2023
Kjelde: Overnattingar, Statistisk sentralbyrå og Kartverket.

Færre campingovernattingar

  • 483 000 overnattingar på campingplassar i september 2023
  • 6,2 prosent nedgang mot september 2022
  • Norske overnattingar gjekk ned 8,1 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 1,8 prosent

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar

  • 346 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk ned 4,2 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 16 prosent

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av september, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 1 500 og 2 600 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i september månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.