Det var nesten 1,9 millionar norske hotellovernattingar i juni i år, ein nedgang på 3,9 prosent frå juni 2022. Utanlandske hotellovernattingar auka med 18 prosent, til 832 000, syner nye tal frå overnattingsstatistikken.

–  Svak krone og reiseglade nordmenn og utlendingar har gitt ein god start på sommaren for hotellnæringa, seier seniorrådgjevar Sindre Torgals i SSB.  

–  Nordmenn har halde fram med å feriere i eige land etter pandemien, om vi samanliknar juni i år med åra før pandemien ser vi at talet på norske hotellovernattingar er høgare, medan talet på utanlandske hotellovernattingar ennå ikkje er tilbake på tidlegare nivå, legg Torgals til.

Legg vi til overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, var det nesten 4,6 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i juni, som er det høgaste talet målt for juni nokon gong. For alle innkvarteringstypar fall talet på norske overnattingar medan talet på utanlandske overnattingar auka.

Figur 1. Hotellovernattingar etter norske og utanlandske overnattingar juni 2019 -2023

Korrigert for Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månadvar det totale talet på overnattingar i juni på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar om lag uendra frå førige månad. Både dei sesongjusterte norske og dei sesongjusterte utanlandske overnattingane er no på same nivå som før pandemien.

Sterk månad for hotellnæringa

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet ved norske hotell var på 2,6 milliardar kroner i juni i år. Samanlikna med juni 2022 har losjiomsetninga auka med 16 prosent, medan talet på overnattingar har auka med 1,8 prosent. Om vi ser på prisutviklinga i konsumprisindeksen for overnattingstenester har den gått opp sidan hausten 2022.

– Fleire hotell har oppgitt at prisane har auka på grunn av ein generell auke i kostnadene og auka etterspurnad. Den svake norske krona kan både ha vore ein viktig årsak til at utanlandske turistar legg turen til Noreg og til at nordmenn vel å feriere i Noreg, seier Torgals.

Gjennomsnittsprisen på hotellrom var 1 456 kroner, ein auke på 13 prosent frå juni i fjor. Samanlikna med juni i fjor har prisen per rom auka mest i Oslo og Møre og Romsdal, lågast prisauke var det i Agder.

Stor pågang på campingplassar

Totalt var det nesten 1,5 millionar overnattingar på campingplassane i juni. Det var ein nedgang på 0,5 prosent frå i fjor. Det var 890 000 norske overnattingar, ein nedgang på 4,9 prosent. Utanlandske overnattingar auka med 7,2 prosent, til 569 000 som er det høgaste talet for utanlandske campingovernattingar som er målt for ein juni månad.

Utlendingane er tilbake på campingferie i Noreg. Det er færre nordmenn på campingferie enn i pandemiåra, men det er likevel fleire norske overnattingar enn i åra før pandemien. Samanlikna med juni 2019 har talet på utanlandske og norske overnattingar på campingplassar auka med høvesvis 30 og 8,3 prosent.

Figur 2. Campingovernatttingar etter norske og utanlandske overnattingar juni 2019 -2023

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar

  • 405 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk ned 14 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 9,3 prosent

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av juni, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 2 300 og 4 400 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i juni månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.