Nye tal frå overnattingsstatistikken, syner at det var rett under 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell i november 2023. Nordmenn hadde 22 000 færre overnattingar samanlikna med november i 2022. Samstundes var det 36 000 fleire utanlandske overnattingar. Samla sett ga dette ein marginal auke i overnattingar ved hotella på 0,8 prosent.

Det var rett under 306 000 utanlandske overnattingar på hotella i november 2023. Dette var første gong det vart målt over 300 000 utanlandske overnattingar ved norske hotell for ein november månad i overnattingsstatistikken. 

Sist gang nordmenn overnatta mindre ved hotella i november var i 2020, det første året med pandemi. Ser ein bort frå 2020, må ein tilbake til 2018 for å finne eit lågare tal for norske overnattingar ved hotell for denne månaden.

- Låg kronekurs ga utlendingane meir å rutte med på reise i Noreg og er nok ei viktig årsak til at fleire utlendingar valde å overnatte ved norske hotell. Prisstigning og høgare rente i løpet av året har redusert kjøpekrafta til mange nordmenn og kan ha bidratt til at nordmenn budde mindre på hotell, seier seniorrådgjevar Guro Henriksen i SSB. 

Figur 1. Norske og utanlandske hotellovernattingar. November. 2014-2023

 

Europearane dominerer og asiatane på veg tilbake

Det var om lag 306 000 utanlandske overnattingar ved hotella i november 2023, om lag 70 prosent av desse var frå europeiske land og litt over 8 prosent kom frå Asia. Flest europeiske gjestar kom frå Sverige etterfølgt av Storbritannia og Tyskland.

Figur 2. Hotellovernattingar frå utvalde europeiske land. November 2023

 

Sidan pandemien, har det vore ein periode med svært få hotellovernattingar frå Asia, men dei siste månadene har vist at desse gjestane er på veg tilbake. Spesielt overnattingar frå Kina har ein stor auke med nesten ein firedobling frå november 2022 til november 2023. Samstundes var det i november i år berre halvparten så mange som i november 2019, før pandemien.

- Asiatiske turistar er på veg tilbake til Noreg, men det er eit stykke att før dei er på same nivå som før pandemien. Mange asiatiske land beheldt koronarestriksjonar lengre enn til dømes land i Europa og det kan væra ei av årsakene til at det tek lengre tid før dei asiatiske turistane igjen legg ferien til Noreg, seier Guro Henriksen.

Både blant europearar og asiatar var Oslo den mest besøkte Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB i november med litt under 87 000 overnattingar ved hotella frå Europa og Asia til saman. Nest mest besøkt var Bergensregion med om lag 25 000 overnattingar, etterfølgt av Tromsø med 21 000 overnattingar, andre reiselivsregionane i vest og nord var også populære. 

Andre overnattingsverksemder

  • 165 000 overnattingar på Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheim i november, 3500 færre norske overnattingar og 6900 fleire utanlandske.
  • 126 000 overnattingar på campingplassane, 11 000 færre norske overnattingar og 1500 færre utanlandske.

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av november, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 500 og 1 800 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i november månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.