Frå januar til desember 2023 var det 37 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i Noreg, syner nye tal frå overnattingsstatistikken. Det var ein oppgang på 2,5 prosent frå 2022. Da var det 36,1 millionar overnattingar.

Norske overnattingar var ned 1,6 prosent medan utanlandske auka med 13,5 prosent.

2 av 3 overnattingar var på hotell. Overnattingar på hotella auka med 6,0 prosent.

– Samanlikna med 2022 var auken størst i januar og februar. Dette skuldast at dei første månadene i 2022 framleis var prega av pandemien, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Stor auke i utanlandske hotellovernattingar

Utanlandske hotellovernattingar auka med 22 prosent frå 2022 til 2023.

– Det var ein auke i utanlandske hotellovernattingar for alle månader i 2023 samanlikna med 2022. Oppheving av koronatiltak og den svake krona er nok viktige årsaker til at mange valde å overnatte på hotell i Noreg i 2023, seier Kristin Aasestad.

Figur 1. Utanlandske overnattingar på hotell. 2018-2023

Rekordmange nordmenn på hotell i 2023

På hotella var det 18,6 millionar norske overnattingar i 2023, 204 000 fleire enn i 2022 og det høgaste talet SSB har målt for eit år.

Det var ein stor auke i januar og februar i 2023 samanlikna med 2022. Dette skuldas koronarestriksjonar i starten av 2022. I resten av månadene i 2023 var det om lag like mange eller færre norske overnattingar som tilsvarande månad i 2022.

Figur 2. Norske hotellovernattingar per månad. 2022 og 2023

Regionale skilnader

Av dei 67 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB. var det Oslo som hadde størst vekst i talet på hotellovernattingar. Samanlikna med 2022 var det 618 000 fleire overnattingar på hotell i hovudstaden. Bergensregion og Trondheim hadde ein auke på høvesvis 217 000 og 125 000 hotellovernattingar. Til saman stod desse tre storbyområdane for 67 prosent av auka på hotella.

Nedgang på campingplassar

Det var 7,9 millionar overnattingar på campingplassar i 2023, ein nedgang på 5,5 prosent frå 2022. Nordmenn sto for 5,3 millionar overnattingar, ned 8,5 prosent frå 2022. Utanlandske overnattingar på camping gjekk ned 1,6 prosent frå 2022.

– Campingplassane var spesielt prega av vêret i fjor. Juli var våt og kald i den sørlege delen av landet og ekstremværet Hans ramma mange områder i Sør-Noreg i august, seier Kristin Aasestad.

Ved Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheim. var det 3,8 millionar overnattingar, ein nedgang på 1,5 prosent.

Auke for desember

I desember 2023 var det registrert 1,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder. Det er 85 000 fleire enn i desember 2022, ein auke på 5,0 prosent. Det var utlendingar som stod for den samla oppgangen.

– Det var fleire utanlandske overnattingar ved alle innkvarteringstypar i desember 2023 samanlikna med desember året før, seier Kristin Aasestad.

Utanlandske overnattingar på hotell og campingplassar auka med høvesvis 21 og 27 prosent. På hyttegrender og vandrarheimar var det ein auke på 28 prosent.

Blant nordmenn var talet på overnattingar om lag uendra frå desember 2022. Hotellovernattingar gjekk opp 0,8 prosent, medan dei på campingplassar gjekk ned 5,0 prosent.

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av desember, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 400 og 2 400 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i desember månad i Noreg.

1. januar 2024 vart 3 fylker til 7 nye, og vi har nå 15 fylker i Noreg. Frå og med publisering av tal for januar 2024 vil overnattingsstatistikken bli publisert med den nye inndelinga. Samstundes vil SSB slutte å publisere tal for «hittil i år» og tal for totale overnattingar på kommunar og kommunegrupper.

Alle dagens tabellar vert avslutta, og nye oppretta. I løpet av første halvår 2024 vil det bli publisert tal tilbake til 2016 på nye fylker. Samstundes vil SSB starte med å publisere årstal.

Desse endringane påverkar lagra søk og API-spørjingar som er gjort mot tabellane.

Les meir om API  her: https://www.ssb.no/api