Samla var det om lag 5,1 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i august 2023, ifølgje nye tall frå overnattingsstatistikken. Det var 77 000 færre enn i august i fjor.

Det var 2,1 millionar utanlandske overnattingar, ein auke på 8,9 prosent frå august i fjor, og det høgaste talet målt for utlendingar i august.

– Talet på norske overnattingar var høgare enn i august 2019 trass nedgangen frå i fjor, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Figur 1. Overnattingar etter bustadsland. August 2019 - 2023

Stor nedgang på camping

Det var 1,5 millionar overnattingar ved campingplassar i august i år, ein nedgang på 10 prosent frå august i fjor. Norske campingovernattingar fall 15 prosent i denne perioden.

–  Ekstremvêret «Hans» førte til øydeleggingar på mange campingplassar i Sør-Noreg i august. I Innlandet, Viken og Vestfold og Telemark melde mange campingplassar om nedgang i talet på overnattingar grunna flaum, vass-skader og stengde vegar, seier Aasestad.

– Men i dei nordlegaste fylka var det mykje sol og stabilt vêr. Det gode vêret kan ha bidratt til auken for både norske og utanlandske campingovernattingar, legg Aasestad til.  

I Nordland auka campingovernattingane med 24 prosent. Norske campingovernattingar i Nordland gjekk opp 40 prosent medan dei utanlandske auka med 13 prosent samanlikna med i fjor.

Figur 2. Prosentvis endring i campingovernattingar etter fylke. August 2022 - 2023
Kjelde: Overnattingar, Statistisk sentralbyrå og Kartverket.

Fleire utlendingar på hotell

I august var det 3,1 millionar overnattingar på hotell. Dette er ein auke på 3,0 prosent samanlikna med august i fjor. Auken for hotella skuldast ein 19 prosent auke i talet på utanlandske overnattingar.

Av dei 67 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB. var det Oslo som hadde flest utanlandske overnattingar på hotell. Samanlikna med august i fjor var det 66 000 fleire utanlandske hotellovernattingar i hovudstaden. 4 av 10 utanlandske overnattingar på hotell var i Oslo og Bergensregion.

– August er den store feriemånaden i Europa, og i år var dei utanlandske hotellovernattingane tilbake på same nivå som i august 2019, seier Aasestad.

Norske hotellovernattingar fall 4,1 prosent frå august i fjor. Størst nedgang var det i Innlandet og Vestfold og Telemark, med høvesvis 16 og 15 prosent. Alle reiselivsregionane i desse to fylka hadde færre norske overnattingar i år enn i fjor.

Figur 3. Hotellovernattingar etter fylke. August 2022 - 2023

Overnattingar på Svalbard

  • 15 400 overnattingar på hotell
  • 12 prosent nedgang mot august 2022
  • Norske hotellovernattingar gjekk ned 33 prosent
  • Utanlandske hotellovernattingar auka med 4,8 prosent

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av august, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 4 600 og 10 200 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i august månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.