13816_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/arkiv
13816
Halvparten har heimeside
statistikk
2001-03-15T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
false

Bruk av IKT i næringslivet2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Halvparten har heimeside

Nesten halvparten av alle føretak med minst 10 sysselsette hadde oppretta ei heimeside ved utgangen av 2000. Store føretak nyttar heimesider meir enn små. Delen føretak med heimeside er høgast innanfor bank- og finansnæringa og lågast innanfor detaljhandelen.

48 prosent av alle norske føretak med minst 10 sysselsette hadde oppretta heimeside ved utgangen av 2000. Delen auka mykje under det siste året og gjekk opp frå 36 prosent ved utgangen av 1999. Etter planane til føretaka vil også 2001 gje ein sterk auke i talet på heimesider. 16 prosent av føretaka opplyste at dei hadde planar om å oppretta ei heimeside i 2001.

 Delen av alle føretak med heimeside. 1998-2001. Prosent.

 Delen av alle føretak med heimeside ved utgangen av 2000. Fordelt etter sysselsetjing. Prosent.

Tre av fire store føretak har heimeside

Bruken av heimesider varierer mykje med storleiken til føretaka. Ved utgangen av 2000 hadde 77 prosent av alle føretak med minst 100 sysselsette oppretta heimeside. For føretak med 10-19 sysselsette var delen berre 41 prosent. Eit utval av dei minste føretaka med under 10 sysselsette var også med i undersøkinga. I denne gruppa hadde berre 15 prosent av føretaka oppretta ei heimeside ved utgangen av 2000.

Mest innanfor bank og forsikring

Delen med heimeside er høgast innanfor bank- og finansnæringa. I denne næringa hadde 87 prosent av føretaka oppretta heimesider ved utgangen av 2000. Samlegruppa "Tenesteyting elles" fylgde tettast med 64 prosent. Engroshandelen og industrien låg over gjennomsnittet med høvesvis 62 og 53 prosent. I industrien fanst den høgaste delen føretak med planar om heimeside i 2001, 21 prosent. Delen var klårt lågast i detaljhandelen. Berre 23 prosent av føretaka innanfor denne næringa opplyste at dei hadde oppretta ei heimeside.

 Delen av alle føretak med heimeside ved utgangen av 2000. Fordelt etter næringsområde. Prosent.

 Bruk av heimesider. Føretak med heimesider. 2000. Prosent

Marknadsføring viktigaste bruksområdet

Opplysningar frå dei føretaka som har oppretta heimesider syner at marknadsføring er viktigaste bruksområdet. 93 prosent av føretaka opplyste at dei nytta heimesida til marknadsføring ved utgangen av 2000. Samstundes brukte ikkje meir enn 38 prosent det høvet heimesider gjev til mottak av bestillingar. 31 prosent av føretaka gav kundar og underleverandørar tilgang til databasar gjennom ei heimeside. 29 prosent av føretaka nytta ho til å yte kundeservice/støtte etter sal. 11 prosent av føretaka selde varer/tenester i digital form. Berre 8 prosent av føretaka brukte heimsida si til mottak av betaling for varer/tenester.

Tabeller: