Bruk av IKT (informasjons- og kommunikasjonsteknologi) i næringslivet

Mest utflytting av IT-tenester frå små land

Publisert:

Næringslivet i små land utfører oftare IT-tenester i utlandet enn føretak i større land. Medan gjennomsnittleg fem prosent av føretaka i EU overlet oppgåver som kravde IT-spesialistar til leverandørar i utlandet, var kjøp av utanlandske IT-tenester meir vanleg i fleire mindre europeiske land.

Statistisk sentralbyrå gjennomfører årlege undersøkingar av bruk av IKT i næringslivet: http://www.ssb.no/iktbrukn/ . Fleire andre europeiske land produserer også statistikk om bruk av IKT i næringslivet i samarbeid med EUs statistiske kontor, Eurostat. Internasjonalt samanliknelege tal finst på Eurostat sitt nettsted .

I 2007 inkluderte denne undersøkinga spørsmål om ”offshoring” og ”outsourcing”. Føretaka rapporterte om nokon oppgåver som kravde IT-spesialistar vart utført av leverandørar i utlandet (”offshoring”) og om slike oppgåver vart utført av eksterne leverandørar/andre føretak (”outsourcing”). I undersøkinga vart IT-spesialistar avgrensa til medarbeidarar som kunne spesifisera, designa, utvikla, installera, operera, støtta, vedlikehalda, driva, vurdera og granska IKT.

Hovudresultata syner at ”offshoring” er mest utbreidd i mindre land i Europa. Gjennomsnittleg overlet fem prosent av føretaka i EU i det minste nokre oppgåver som kravde IT-spesialistar til utanlandske leverandørar. Med unnatak av Storbritannia, låg ingen av dei største europeiske landa over gjennomsnittet på fem prosent. I Spania nytta to prosent av føretaka utanlandske leverandørar, i Italia 3 og i Polen og Tyskland fem. Tal for Frankrike er ikkje tilgjengeleg. I mindre land som blant anna Litauen, Luxembourg, Belgia og dei nordiske landa var delen som sette vekk IT-tenester til utanlandske føretak meir enn dobbelt så stor. I Litauen og Luxembourg nytta om lag tjue prosent utanlandske leverandørar, i Belgia og Sverige 12, medan dei andre nordiske landa og Irland og Slovakia låg rundt 10.

Offshoring

Føretak med vanskar med å rekruttera IT-spesialistar

Outsourcing


“Offshoring” er definert som flyttinga av ein forretningsprosess utført i eit føretak i eit land til det same eller eit anna føretak i eit anna land. Omgrepet inkluderer alle forretningsprosessar, både vare- og tenesteproduksjon. Nesten alltid vert oppgåvene flytta på grunn av lågare arbeidskostnader på den nye lokaliseringa. ”Offshoring” vert stundom blanda saman med omgrepet ”outsourcing”. ”Outsourcing” er flytting av interne forretningsprosessar til eit anna føretak. Føretak som set vekk arbeidsoppgåver i det same landet gjennomfører ”outsourcing”, men ikkje ei ”offshoring”. Eit føretak som flytter ei avdeling eller verksemd frå eit land til eit anna gjennomfører ”offshoring”, men ikkje ”outsourcing”. Eit føretak som set vekk arbeidsoppgåver til eit anna føretak i eit anna land utfører både ”outsourcing” og ”offshoring”.

Skilnaden mellom små og store land tyder på at manglande tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse er noko av bakgrunnen for flytting av IT-tenester til utlandet. Opplysingar frå føretaka om rekruttering av IT-spesialistar stadfestar delvis arbeidskraftmangel som forklaring. I gjennomsnitt opplevde tre prosent av føretaka i EU vanskar med å rekruttera medarbeidarar med kompetanse som IT-spesialistar. I land der ein høg del føretak utførte IT-tenester i utlandet, som Belgia og Litauen, var det samstundes relativt mange som rapporterte om rekrutteringsvanskar. I Belgia og Litauen melde høvesvis sju og fem prosent om vanskar med å rekruttera IT-spesialistar. Samstundes var ikkje utflytting av IT-tenester utbreidd i alle land med dårleg tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse. Eit land som Tyskland skil seg ut med fleire føretak enn gjennomsnittleg med problem med å rekruttera IT-spesialistar, fem prosent, og utflytting av IT-tenester som snittet i EU.

Tal for ”outsourcing” av oppgåver som kravde IT-spesialistar var noko annleis enn fordelinga av ”offshoring”. Gjennomsnittleg sette 44 prosent av føretaka i EU i det minste nokre oppgåver som kravde IT-spesialistar, vekk til eksterne leverandørar/andre føretak. Utsetjing av IT-tenester til andre var, på same måte som ”offshoring”, vanleg i næringslivet i Norden. I Danmark, Noreg og Finland hadde mellom 70 og 75 prosent flytta nokre IT-tenester ut av føretaket. Det var likevel ingen direkte samanhang mellom utbreiinga av ”outsourcing” og ”offshoring”. På nytt er særleg Tyskland eit ”annleisland”. I Tyskland nytta 65 prosent av føretaka eksterne leverandørar, men var på EU-gjennomsnittet for flytting av IT-tenester til utlandet.

Referansar:

http://en.wikipedia.org/wiki/Offshoring

http://en.wikipedia.org/wiki/Outsourcing

Kontakt