13457
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/bave_statres/aar
13457
Fleire barn i statleg barnevern
statistikk
2008-04-24T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
bave_statres, Statleg barnevern - StatRes (opphørt), statleg barnevern, barnevernsinstitusjonar, fosterheimar, driftsutgifter, barnevernstiltak, oppholdsdagar, barne-, ungdoms- og familieetaten, Bufetat, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, førskolelærarar)Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Statleg barnevern - StatRes (opphørt)2007

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire barn i statleg barnevern

Ved utgangen av 2007 var vel 5 000 barn registrerte med statlege barnevernstiltak. Dette er vel 150 fleire barn enn året før. Førebels tal viser at det blei brukt om lag 4,5 milliardar kroner til det statlege barnevernet i 2007. Dette er 213 millionar, eller 5 prosent, meir enn i 2006.

Framleis er det ein plass i barnevernsinstitusjon som kostar mest av barnevernstiltaka, og vel 2,9 milliardar kroner blei brukt til institusjonsplassar i 2007. Utgiftene til barnevernsinstitusjonsplassar har likevel berre auka med nær 1 prosent frå 2006 til 2007. Til samanlikning auka utgiftene til fosterheimar i statleg regi og til heimebaserte tiltak med respektive 18 og 10 prosent siste år.

Nær 11 500 opphald i statlege tiltak

Statistikken gir også tal på opphald og behandlingsdagar i statlege barnevernstiltak. Talet på opphald i statlege barnevernstiltak viser ein auke på 5 prosent, frå vel 10 900 opphald i 2006 til nær 11 500 i 2007. Også her er den prosentvise auken størst for fosterheimar og heimebaserte tiltak, med respektive 6 og 10 prosent, medan talet på opphald i barnevernsinstitusjonar auka med under 1 prosent.

Nær 30 700 fleire behandlingsdagar

Det var i alt registrert over 1 million behandlingsdagar i 2007. Dette var nær 30 700 fleire behandlingsdagar enn året før, og ein auke på 3 prosent. Talet på behandlingsdagar i barnevernsinstitusjonar går framleis ned. Ifølgje førebels tal var det registrert 537 800 behandlingsdagar i barnevernsinstitusjonar i 2007, som er 17 000 færre enn året før, og ein nedgang på 3 prosent. Talet på behandlingsdagar i fosterheimar og heimebaserte tiltak har derimot auka med respektive 10 og 8 prosent siste år.

Vel 5 450 kroner per dag

Barnevernsinstitusjonar er den klart mest kostnadskrevjande tenesta i det statlege barnevernet. Førebels tal viser at driftsutgifter per opphald i statlege barnevernstiltak ligg på tilnærma same nivå i 2007 som året før, 396 400 kroner i 2007 mot 396 600 kroner i 2006. Driftsutgifter per behandlingsdag i barnevernsinstitusjonar steig likevel frå nær 5 250 kroner i 2006 til vel 5 450 kroner i 2007, ein auke på 4 prosent siste år.

Usikre tal for årsverk

Førebels tal viser at det var registrert 4 454 årsverk i det statlege barnevernet ved utgangen av 2007, mot 3 333 årsverk i 2006. Den store auken må sjåast i lys av usikre tal frå Region Sør for 2006, kor det truleg var ein klar underrapportering samanlikna med tidlegare år. Lønnskostnadene for dei fem regionane auka frå nær 1,8 milliardar i 2006 til 1,95 milliardar i 2007, som er ein auke på 8,6 prosent. Dette kan tyde på ein vekst i talet på årsverk i same periode, men truleg ikkje så stor vekst som auken i årsverk indikerer.