Levekårsindeks

Indeks for levekårproblem vert ikkje lenger publisert

Publisert:

Frå og med 2009 har SSB avgjort å ikkje lenger publisera indeks for levekårproblem. Årsaka er at indeksen har metodiske svakheiter.

Indeks for levekårproblem har vore ein del av publikasjonen Styrings- og informasjonshjulet, som SSB har utført på oppdrag frå Helsedirektoratet. Indeksen vart utvikla i SSB sitt forskingsmiljø tidleg på 90-talet og vart første gong publisert i 1995. Det er ikkje blitt føretatt nokon nemneverdige revideringar av indeksen sidan oppstarten.

Metodiske utfordringar

Grunna stor interesse for indeksen frå helsemyndigheiter, kommunar og media, gjennomførte SSB i 2009 ei metodisk evaluering av indeksen. Den metodiske gjennomgangen viser at det er knytt utfordringar til indeksen som gjer det problematisk med rangerte lister over kommunar. Utfordringane er dokumentert og formidla til brukarar av indeksen.

 

Indeks for levekårproblem er ein indeks som freistar å seia noko om graden av levekårproblem i kommunar og bydelar i Noreg. Med bakgrunn i dette har indeksen vorte nytta til å samanlikna kommunar og bydelar med omsyn til omfanget av deira sosiale problem.

Oppsummert inneber utfordringane at kommunar og bydelar som ligg i mellomsjiktet endrar plasseringa med så mykje som vel 100 plassar ved ei endring i vektingsmetode. Med andre ord vil dei kommunane og bydelane som verken vert rangert blant dei 20-30 beste eller dårlegaste i ei rangering, kunna erfara at berre små endringar i verdi på ein av enkeltindikatorane vil utgjera ein dramatisk skilnad i korleis kommunen/bydelen vert rangert i høve til andre kommunar og bydelar.

 

På bakgrunn av vurderingane frå den metodiske evalueringa kjem ikkje SSB til å halda fram med å publisera indeks for levekårproblem i si noverande form. Indeksen vil difor ikkje bli publisert i 2009.

Seks indikatorar

Indeksen som vart publisert i 2008 byggjer på seks indikatorar:

  • Sosialhjelptilfelle per 100 innbyggjarar 16 år og over. 2007
  • Dødelegheit i alt per 100 000 innbyggjarar. Årsgjennomsnitt 2002-2006. Alders- og kjønnsstandardiserte tal.
  • Uførepensjonistar 18-49 år per 1000 innbyggjarar 18-49 år. 31 desember 2007.
  • Attføringspengar i løpet av 2007 per 1000 innbyggjarar 16-66 år.
  • Registrert arbeidsledige og deltakarar på arbeidsmarknadstiltak per 100 innbyggjarar 25-66 år. November 2007.
  • Overgangsstønad. Mottakarar i alt per 100 kvinner 20-39 år. 31. desember 2007.

Kvar av dei seks indikatorane vert standardiserte ved at ein rangerer kommunane i ti like store grupper. Kommunen eller bydelen som tilhøyrer dei ti prosent med lågaste verdiar på ein av dei seks delindikatorane får tildelt verdien éin, medan ein kommune eller bydel som tilhøyrer dei ti prosent med høgast verdi på indikatoren får tildelt verdien ti.

Eit døme på berekning av indeks for levekår kan vera ein kommune som får verdiane 1, 2, 3, 4, 5, 6 for dei seks ulike enkeltindikatorane. Den samla summen for dei seks delindikatorane vert då 1+2+3+4+5+6=21. Gjennomsnittet av denne summen vert då 21 dividert med 6, noko som i dette døme gir kommunen ein samleindeks på 3,5. Kor denne kommunen plasserer seg på ei rangert liste er avhengig av kva verdiar andre kommunar og bydelar får på samleindeksen.

Indikatorane gjev samleindeks

Etter at standardiseringa er gjort vert indikatorane vekta i saman til ein samleindeks. Dette vert gjort ved å rekna ut gjennomsnittet av dei seks standardiserte indikatorane sine verdiar. Alle seks indikatorar vert med andre ord vekta likt i indeksen.

Tala kan gi nyttig informasjon for enkeltkommunar

Samstundes som det er viktig å vera klar over dei metodiske problema som gjer det problematisk å samanlikna kommunar på tvers og over tid (rangering) ved hjelp av indeks for levekårproblem, bør bruksområdet for allereie publiserte tal kommenterast. Trass dei metodiske utfordringane som ligg i indeks for levekårproblem, er det muleg å nytta tala som er publisert for tidlegare årgangar. Til dømes kan indikatorar som inngår i indeksen gi nyttig informasjon om utviklinga over tid i enkeltkommunar isolert.

For meir informasjon : Trond Ekornrud, tlf. 21 09 43 99.

Kontakt