Innhold
Publisert:
Jamn prisauke på datakonsulenttenester
Prisane på datakonsulenttenester auka med 0,6 prosent i fjerde kvartal i år. På eitt år har prisauken vore 4,1 prosent.
Prisane på datakonsulenttenester auka med 4,1 prosent frå fjerde kvartal 2007 til fjerde kvartal 2008. Frå tredje kvartal til fjerde kvartal 2008 auka prisane med 0,6 prosent, mot 0,8 prosent førre kvartalet.
Systemtekniske konsulentar har størst prisauke
I det førre kvartalet, har prisane for systemtekniske konsulentar og rådgjevarar auka mest, med 1,3 prosent. Delindeksen for dei systemtekniske konsulentane har auka mest det siste året, med 6,7 prosent.
Samanlikna med førre kvartal var det mest ingen skilnad i prisauken for dei ulike kompetansenivåa. Samanlikna med same kvartal i fjor er auken på heile 7,1 prosent for dei med det lågaste kompetansenivået. Prisane for dei med høgast kompetansenivå auka med berre 1,6 prosent i den same perioden.
Indeks |
Endring frå
4. kvartal 2007, prosent |
Endring frå
3. kvartal 2008, prosent |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
4. kvartal 2007 | 1. kvartal 2008 | 2. kvartal 2008 | 3. kvartal 2008 | 4. kvartal 2008 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 108,0 | 110,4 | 110,8 | 111,7 | 112,4 | 4,1 | 0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
It-arkitekt, systemdesignar | 110,3 | 114,0 | 113,1 | 116,7 | 116,8 | 5,9 | 0,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Programmerar, systemprogrammerar | 107,0 | 107,5 | 108,5 | 109,8 | 110,3 | 3,1 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
It-prosjektleiar | 107,5 | 109,9 | 109,7 | 112,4 | 112,9 | 5,0 | 0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Rådgjevar | 110,0 | 113,8 | 114,6 | 115,3 | 116,8 | 6,2 | 1,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Systemteknisk konsulent | 106,2 | 109,3 | 110,8 | 111,9 | 113,3 | 6,7 | 1,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 1 | 111,3 | 116,0 | 116,2 | 118,4 | 119,2 | 7,1 | 0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 2 | 107,7 | 108,2 | 110,1 | 110,4 | 111,2 | 3,2 | 0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 3 | 106,7 | 110,2 | 109,8 | 111,1 | 111,6 | 4,6 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 4 | 105,6 | 107,1 | 106,4 | 106,5 | 107,3 | 1,6 | 0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Om datagrunnlagetDei fire kompetansenivåa er definerte etter utdanning og lengd på arbeidserfaring. Nivå 1: Utdanning innanfor området og inntil eitt års erfaring. Nivå 2: Utdanning innanfor området og eitt til tre års erfaring. Nivå 3: Minst tre års utdanning og meir enn åtte års erfaring. Nivå 4: Ekspertkompetanse og minst sju til tolv års erfaring. For meir informasjon sjå i ”Om statistikken”. |
Ny publiseringsrutine for tenesteprisindeksarStatistikken for 1. kvartal 2009 vil bli publisert etter ny næringsstandard (SN2007). Denne statistikken vil bli vidareført som prisindeks for datakonsulenttenester (ny næringskode 62). Utvikling av standard programvare vil då ikkje lenger inngå i denne indeksen. Prisindeksen for datakonsulenttenester vil frå 1. kvartal bli publisert saman med den andre prisindeksen innanfor området ”Informasjon og kommunikasjon”, dvs. prisindeksen for telekommunikasjonstenester. |
Statistikken publiseres nå sammen med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42