Totalt blei 605 000 tonn biologisk avfall handtert ved norske biogass- og komposteringsanlegg. 1,5 millionar tonn avfall blei forbrent ved avfallsforbrenningsanlegg. I tillegg blei 5,3 millionar tonn lagt på deponi, der litt over halvparten var lett forureina massar som stein og grus medan resten var Ordinært avfall omfattar all avfall som ikkje reknast som farleg avfall eller lett forureina avfall. og farleg avfall.

– I Noreg tar vi nytte av ein god del av avfallet, over 80 prosent forbrent avfall blir Brenning av avfall der energi blir utnytta, til dømes til fjernvarme. Om avfall erstattar anna brensel til bruk i produksjon eller oppvarming ved bedrifta, reknast det som energiutnytta., og biologisk avfall går til produksjon av biogass og jord, seier seniorrådgjevar Camilla Skjerpen.

Figur 1. Avfallsbehandling i Norge fordelt på behandlingsmåtar. 1 000 tonn

Denne statistikken tar berre for seg deponert, forbrent og biologisk behandla avfall. Materialgjenvinning er ikkje inkludert.

Mindre kompostering av avfall

Kompostert avfall utgjer om lag en tredjedel av biologisk behandla avfall. Mengda kompostert avfall minka frå 225 000 tonn i 2021 til 172 000 tonn i 2022. Det er spesielt husdyrgjødsel, park- og hageavfall og anna organisk avfall som det er kompostert mindre av. 433 000 tonn gjekk til biogassproduksjon i 2022.

Figur 2. Biologisk behandla avfall. 1 000 tonn

Deponert avfall

Totalt blei 5,3 millionar tonn avfall lagt på deponi i 2022, 200 000 tonn mindre enn året før. Litt over halvparten var lett forureina massar som stein og grus. Den resterande halvparten består av Ordinært avfall omfattar all avfall som ikkje reknast som farleg avfall eller lett forureina avfall. og farleg avfall.

Det var ein stor nedgang i lett forureina masser som blei brukt som fyllmassar eller dekkmassar. Mengda minka frå 106 000 tonn i 2021 til 31 000 tonn i 2022. Å bruke masser og avfall som fyll eller dekkmasse er ein form for materialgjenvinning fordi ved å bruke desse slepp ein å utvinne nye materiale.

Det blei deponert 1,8 millionar tonn ordinært avfall i 2022. Desse består for det meste av betong og tegl. Noko av det er forureina med tungmetall, PCB eller andre helse- eller miljøskadelege stoff. I tillegg består dette avfallet av forbrenningsrestar som slagg, støv, botnoske og flygeoske. Dei resterande mengdene som blei deponert var 0,8 millionar tonn farleg avfall.

Figur 3. Avfallstyper lagt på deponi. 1 000 tonn