Jordbruk og miljø, 2007

9 prosent av klimagassutsleppa kjem frå jordbruket

Publisert:

Norsk jordbruk er ingen klimaversting og har levd godt i skuggen av olje- og gassverksemda og industrinæringa, som båe slit med store utslepp. I jordbruket gjerast det mykje for å minske miljøutslepp generelt, og neste steg er å redusere klimautsleppa som har vore uforandra sia 1990-talet.

Jordbruket har mange miljøutfordringar, og som oftast er det dei negative konsekvensane som stel overskriftene. Men vi skal heller ikkje gløyme at jordbruket bidrar med mange positive miljøopplevingar som mellom anna eit opent og variert kulturlandskap. I denne artikkelen, som oppsummerar ein del resultat frå rapporten Jordbruk og miljø - Resultatkontroll jordbruk 2007 , skal vi sjå nærmare på kva jordbruket gjer for å hindre negativ miljøpåverknad.

Utslepp av klimagassar

Berekningar viser at jord- og skogbruket i 2006 stod for 9 prosent av dei totale utsleppa av klimagassar, målt som CO 2 -ekvivalentar. Ser ein på CO 2 -utslepp åleine, stod landbruket for berre ein prosent av dei totale utsleppa i Noreg. Sektoren bidrar positivt til opptak og binding av karbon i skog, i planter og i jordsmonnet. Dei største utfordringane for jordbruket er derfor utslepp av lystgass og metan. Klimaeffekten av lystgass er 310 gonger sterkare enn karbondioksid, medan metan er 21 gongar sterkare.

Landbruket sin del av totale utslipp til luft. 2005. Prosent

I 2005 stod jordbruket for 45 prosent av dei norske utsleppa av lystgass. Dei viktigaste kjeldane til lystgassutslepp er bruk av husdyr- og handelsgjødsel, avrenning av nitrogen og oppdyrking av myr.

Nesten alle utslepp av metan frå jordbruket er knytte til husdyr, hovudsakleg frå storfe. Husdyra slepp ut metan direkte frå fordøyingssystemet, og indirekte frå gjødsla dei produserer. I 2005 stod jordbruket for 49 prosent av det totale metanutsleppet i Noreg.

Tiltak for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket

Det har til nå ikkje vore satt i verk spesielle tiltak for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket. I Stortingsmelding nr. 34 (2006-2007) - Norsk klimapolitikk, foreslåast det nå fleire tiltak på dette området. Blant anna ønskjer ein å utvikle regionale miljøprogram til og å omfatte tiltak for å redusere utslepp til luft, og myndigheitene vil venteleg frå 2008 innføre eit tilskot for bruk av miljøvennlege spreieteknikkar for husdyrgjødsel.

Utslepp av forsurande gassar

Jordbruket er den viktigaste kjelda til utslepp av ammoniakk (NH 3 ), som har ein forsurande effekt. Totalt var utsleppet i 2005 på 23 030 tonn, og 88 prosent av dette stamma frå jordbruket. Utsleppa kjem frå lagring og spreiing av husdyrgjødsel, ammoniakkbehandling av halm og bruk av handelsgjødsel.

Noreg har gjennom Gøteborg-protokollen forplikta seg til ikkje å sleppe ut meir enn 23 000 tonn ammoniakk innan 2010. Dei siste åra har utsleppa lege rundt denne grensa, og mykje tyder på at Noreg vil innfri forpliktinga.

Bruk av plantevernmiddel, og utvikling i helse- og miljørisiko. 2001-2005. Relativ verdi.

Del av jordbruksareal i drift som er økologisk drive eller karensareal (med tilskot), etter kommune. 2006. Prosent

Mindre risiko ved bruk av plantevernmiddel

Basert på bruksundersøkingar frå Statistisk sentralbyrå har Mattilsynet berekna risikoindikatorar ved bruk av plantevernmiddel. Verdiane i indikatoren er relative verdiar, og tal frå den første undersøkinga i 2001 er satt lik 100 prosent. Bruken av plantevernmiddel auka frå 2001 til 2003, og helserisikoen steig med 16 prosentpoeng, medan miljørisikoen vart 7 prosentpoeng høgare. Bruken av middel var stabil frå 2003 til 2005, men båe helse- og miljørisikoen blei redusert. Til trass for auka bruk frå 2001 gjekk miljørisikoen ned med 5 prosentpoeng frå 2001 til 2005. Denne utviklinga kan forklarast med utfasing av dei farlegaste midla, og at bøndene har gått over til plantevernmiddel som er mindre farlege for helse og miljø.

Meir plast frå landbruket har vorte samla inn

Landbruket er blitt ein viktig forbrukar av ulike plastprodukt (til dømes fôr- og gjødselsekkar, ensileringsfolie og rundballesekkar), og eit viktig mål for næringa er å gjenvinne mest mogleg av plasten. Tal for 2006 viser at det blei levert 161 kg landbruksplast per jordbruksbedrift, mot 132 kg året før. Totalt har innsamla mengd auka frå i underkant av 2 500 tonn i 1995 til 8 200 tonn i 2006. I følgje selskapet Emballasjeretur blei det nytta 9 100 tonn landbruksplast i næringa i 2006.

Framleis vekst for økologisk jordbruk

Tal frå Debio, ein utøvande kontrollinnstans for økologisk produksjon, foredling og sal av økologisk mat, viser at 2 500 jordbruksbedrifter hadde lagt om til økologisk drift i 2006 - i 1996 var talet 950. I høve til jordbruksareal i fylka er det Sør-Trøndelag (7,7 prosent), Buskerud (7,6 prosent) og Telemark (7,3 prosent) som har høgast prosentdel med økologisk drift. Rogaland kjem ut med økologisk drift på berre 0,7 prosent av jordbruksarealet.

Totalt blei 445 600 dekar jordbruksareal drive økologisk (inklusiv karensareal) i 2006, eller 4,3 prosent av alt jordbruksareal i Noreg. Ennå er det ein lang veg å gå for å nå målsetninga i Soria Moria-erklæringa om 15 prosent økologisk drive jordbruksareal innan 2015. I 2006 var det 16 kommunar som hadde nådd denne grensa.

Jordbruksbedrifter, etter storleiken på jordbruksareal i drift. Heile landet. 1979-2006*

Kulturlandskap i endring

Krav til rasjonalisering og effektivisering i jordbruket har gitt store endringar i landskapet. Det blir færre og større jordbruksbedrifter, tidlegare eigedomsgrensar som steingjerde blir fjerna og gamal slåttemark veks att. Denne utviklinga er særleg gjeldane i distrikta. Talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert i etterkrigstida. Av 213 400 bedrifter i 1949 var 70 700 tilbake i 1999. Tal over jordbruksbedrifter i perioden 2000-2006 viser at utviklinga held fram. I denne perioden har talet på bedrifter blitt redusert med 17 300, eller 25 prosent.

Jordbruksareal i drift har hatt ein jamn auke fram til 2001. Frå 2002 er det derimot registrert ein nedgang i jordbruksarealet kvar år. I alt har 127 000 dekar gått ut av drift i perioden 2002-2006. Til samanlikning blei det registrert 114 000 dekar jordbruksareal i drift i Aust-Agder i 2006. Noko av nedgangen i Noregs jordbruksareal kan truleg forklarast med at arealberekningane er blitt betre som følgje av gardskart-prosjektet

I høgareliggjande strøk er husdyr på utmarksbeite særs viktige for å halde kulturlandskapet opent. Talet på beitedyr er monaleg redusert frå 1980-talet, men har vore stabilt dei siste åra. I 2006 blei det innført eit generelt beitetilskot som er uavhengig av type beitemark. Med innføring av dette tilskotet blei dyr som går på utmarksbeite redusert med 100 000 dyr. I alt blei det registrert 2,28 millionar husdyr på utmarksbeite i 2006. Geita, som beiter mykje på busker og kratt, blir det færre og færre av på utmarksbeite. Sia 1990 er talet redusert med 28 prosent. Talet på sau og lam utgjer den største gruppa av husdyr på utmarksbeite med 1,99 millionar dyr.

Kontakt